top of page

Barn og unge er framtida vår. FrP vil difor leggja til rette for gode oppvekstmiljø med eit mangfald av barnehagar, gode skular og tilrettelagte tilbod for barn og unge i Bjørnafjorden. Heile lokalsamfunnet må bidra for å gje barn og unge ein trygg oppvekst - kommunen gjennom barnehage, skule, PPT-teneste, helsetilbod og barnevern, frivillig sektor gjennom idrett-, frilufts- og kulturtilbod, og kvar og ein av oss gjennom å væra trygge og ansvarlege vaksne. 

Gode oppvekstmiljø

for barn og unge

Barn og unge

er framtida vår 

Derfor satser FrP

på gode oppvekstmiljø

Gode helse- og omsorgstenester

gjev oss tryggleik

Ei god og verdig eldreomsorg

er FrP si fanesak

Enkelte parti vil no innføra eigedomsskatt

FrP seier nei til eigedomsskatt

Bygge- og planprosessar tar for lang tid

FrP vil reetablera

JA-kommunen

Kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor

FrP vil ha eit levande lags-

og organisasjonsliv

Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst

FrP vil satse på nye næringsareal

og sentrumsutvikling

Dette skal vi også jobba med

Framskritspartiet vil:

  • Sikra full barnehagedekning i heile Bjørnafjorden gjennom eit mangfald av private, ideelle og kommunale barnehagar - spesialisering på tema f.eks natur- eller friluftsbarnehagar

  • Gje tilbod om fagutdanning til barnehagepersonalet både i kommunale og private barnehagar

  • Vurdera meir fleksible opningstider og barnehageopptak gjennom året

  • Satsa på kvalitet i alle delar av skulekvardagen; - kvalitet i undervisninga, moderne utstyr, godt vedlikehaldne skulebygg, gode uteområde, trygge skulevegar 

  • Etablere Prosjekt Betre læringsresultat (BLR) i heile Bjørnafjorden, og sikra at politikarane er tett på som skuleeigarar

  • Satsa på Ungdomsteamet i skulane -  tverrfagleg team som tidleg stør elevar med særskilde utfordringar

  • Nulltoleranse for mobbing i barnehage og skule. Gjennom samarbeid skule-foreldre ta kontroll på klasseromma for å motverke vald, trugslar og trakassering. 

  • Ruste opp uteområda v/skulane – nærmiljøanlegg med fokus på fysisk aktivitet for alle aldersgrupper

  • Satse på trafikksikring av skulevegane med gang- og sykkelvegar og trygge hente-/leveringssonar, nytte kunnskap frå kartlegging av barnetråkk

  • IT-satsing i skulane – elektroniske tavler i klasseromma og PC/nettbrett til alle elvar

  • Vidareføra MOT som førebyggjande tiltak for alle ungdommar i Bjørnafjorden

  • Utvikle samarbeidet skule – næringsliv med Ungt Entreprenørskap i ungdomsskulane, støtte utdanningsmessa i Bjørnafjorden

  • Utvikla biblioteka som sosial møteplass for formidling av kunnskap og kultur for alle aldersgrupper, gode lesesalar for studentar

  • Samarbeide med private og frivillig sektor om idretts-, frilufts- og kulturtilbod for barn og unge

  • Sikra tett oppfølging av barneverntenesta med fokus på involvering av storfamilien (Kongsberg-modellen)

Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden

JONN GARVIK

Kandidat 7.

Fiskeskippar

Søre Øyane

Skapa lokale arbeidsplassar. JA-halding i byggesaker. La folk fiska, - nei til hummarfredning. Trygge og gode oppvekstvilkår for unge.

MARIANNE HJELLE

Kandidat 8.

Sjukepleiar

Os

Livskvalitet for alle, tilbod til psykisk utviklingshemma.

OVE FROTVEIT

Kandidat 9.

Ingeniør

Søre Neset

Arealplanlegging, landbruk og skogbruk, idrett

KRASSIMIRA DINEVA-WESSEL

Kandidat 10.

IT-konsulent

Søre Øyane

Idrett og kultur, gode oppvekstmiljø

THORSTEIN SKÅRNES

Kandidat 11.

Kontorsjef

Os

Tilbod til barn og unge, frivillighet

THRUDE SCHEIE MELLINGEN

Kandidat 12.

Driftssjef

Nore Neset

Psykisk helse for barn og unge, nærings- og sentrumsutvikling

bottom of page