top of page

Mange opplever i dag å få nei på byggjesøknadane sine, og at planprosessar tek uendeleg lang tid. Kommunen er blitt «vanskeleg». FrP vil reetablera JA-kommunen i arealsaker, slik at alle får auka fridom og føreseielege rammer til å utvikla eigedommane sine. Der det er naudsynt skal vi stå opp mot fylkeskommunen, statsforvaltaren og andre motsegnsinnstansar. FrP vil ta heile kommunen i bruk, og leggja til rette for bustadbygging også i krinsane. ALT KAN IKKJE SKJE I SENTRUM!

Kommunen skal sei ja, om ikkje ein har god grunn til å sei nei. Dette gjeld også på andre område når kommunen får søknader frå innbyggjarar, næringsaktørar eller frivillig sektor. 

Vi vil reetablera

JA-kommunen

Barn og unge

er framtida vår 

Derfor satser FrP

på gode oppvekstmiljø

Gode helse- og omsorgstenester

gjev oss tryggleik

Ei god og verdig eldreomsorg

er FrP si fanesak

Enkelte parti vil no innføra eigedomsskatt

FrP seier nei til eigedomsskatt

Bygge- og planprosessar tar for lang tid

FrP vil reetablera

JA-kommunen

Kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor

FrP vil ha eit levande lags-

og organisasjonsliv

Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst

FrP vil satse på nye næringsareal

og sentrumsutvikling

Dette skal vi også jobba med

Framskritspartiet vil:

  • JA-haldning i areal- og utbyggingssaker. ALLE saker skal vurderast individuelt. Den private eigedomsretten står sentralt for både tiltakshavarar og naboar

  • Leggja til rette for spreidd bustadbygging også ute i bygdene

  • I nye bustadområde skal det stillast klare krav til infrastruktur som gong- og sykkelvegar, grøntstrukturar/friluftsområde, leikeplassar, parkering, byggjehøgder, arkitektur osv.

  • Balansera utbygging mot landskapsverdiar, landbruk, natur og friluftsliv

  • Ha fokus på oppfølging og kontroll av vedtekne reguleringsplanar/utbyggingar

  • Bidra til prosjekt med rimelege ungdoms-/etablerarbustader, evt. Leige til eige-prosjekt 

  • Utarbeide Arealplan for heile Bjørnafjorden kommune. Hovudfokus på bustad (inkl. spreid bustadbygging), næring og offentlege areal, samt samsvar mellom naustområde og havneareal utanfor med rom for flytebryggjer/kaier

Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden

TERJE SØVIKNES

Kandidat 1.

Næringsdrivande

Lysekloster

Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt

LAILA REIERTSEN

Kandidat 2.

Sjukepleiar

Os

Eldreomsorg, helse og barnevern

ESPEN ASPENES

Kandidat 3.

Næringsdrivande

Os

Kommuneøkonomi og næringsutvikling

GUSTAV BAHUS

Kandidat 4.

Boreingeniør/lærar

Os

JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur

EIRIK ANDRE HESTHAMAR

Kandidat 5.

Dagleg leiar

Søre Øyane

Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.

INGRID ØKSNES

Kandidat 6.

Brannkonstabel

Eikelandsosen

Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling

bottom of page