top of page

Gode helse- og omsorgstilbod gjev kvar og ein av oss tryggleik gjennom livet. Difor meiner FrP at det offentlege skal stilla opp med naudsynte helse- og omsorgstenester når ein treng det, finansiert av fellesskapet. 

Med ein aldrande befolkning vil FrP leggja til rette for ein aktiv alderdom, og sikra at kommunen kan stilla opp med naudsynte omsorgstenester når ein treng det. Ei hovudsak i kommande fireårsperiode vert rehabilitering av gamle Os sjukeheim med omsorgsbustader og sjukeheimplassar. Vidare vil vi utgreia ein tredje sjukeheim i kommunen; - Askvikhagen Omsorgssenter m/vekt på demensomsorg. 

God helse og omsorg gjer oss tryggleik

Barn og unge

er framtida vår 

Derfor satser FrP

på gode oppvekstmiljø

Gode helse- og omsorgstenester

gjev oss tryggleik

Ei god og verdig eldreomsorg

er FrP si fanesak

Enkelte parti vil no innføra eigedomsskatt

FrP seier nei til eigedomsskatt

Bygge- og planprosessar tar for lang tid

FrP vil reetablera

JA-kommunen

Kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor

FrP vil ha eit levande lags-

og organisasjonsliv

Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst

FrP vil satse på nye næringsareal

og sentrumsutvikling

Dette skal vi også jobba med

Framskritspartiet vil:

  • Sikra full sjukeheimsdekning i Bjørnafjorden, og garantera einerom til alle som ynskjer det

  • Rehabilitera Os sjukeheim med nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, samt vurdera ein tredje sjukeheim gjennom konseptet Askvikhagen Omsorgssenter m/fokus på demensomsorg. 

  • Utvida omsorgstrappa med Omsorg+, og sikra avlastning til familiane gjennom korttidstilbod.

  • Byggja ut heimebasert omsorg i takt med folkeveksten i kommunen, og sikra eit godt dagsentertilbod for eldre i heile Bjørnafjorden. Til dømes gjennom Øvreeide Gard for demente, og samarbeid m/frivillige som Røde Kors m.fl.

  • Samarbeida med private om bygging av senior- og omsorgsbustader på begge sider av fjorden

  • Gjennomføra Leve heile livet-reforma, herunder utvida aktivitetstilbod, fokus på ernæring og ungdom som spise- og aktivitetsressurs i eldreomsorga

  • Realisera ny base for heimebasert omsorg og hjelpemiddellager på Luranetunet

  • Satsa på velferdsteknologi (Komp - No Isolation) som supplement til dei varme hendene, og sikra tryggleiksalarm til alle som treng det

  • Leggja til rette for frivillig innsats i omsorgstjenestene – eigne frivilligkoordinatorar, støtta Frivilligsentralane

  • Skapa ein aktiv kvardag for seniorar i Bjørnafjorden – støtte til Os Pensjonistforening, Eikelandsosen Pensjonistforening, Senioruniversitetet, LHL, Os Golfklubb, Seniortreff i Oseana, seniordrosje, besøkstenesta Røde Kors osv.

  • Trivsels- og helsereiser for seniorar, Fellesskapsreiser for menneske med nedsett funksjonsevne og Omsorgsreiser for pleietrengjande eldre til Kypros/Lanzarote

  • Oppretthalda lokal legevakt i Eikelandsosen og på Osøyro

  • Utvikla helsestasjonen, nærjordmorsenteret og skulehelsetenesta

  • Sikra fastlegeordninga, og auka talet på lege-, psykolog-, fysioterapi- og ergoterapiheimlar i takt med folkeveksten

  • Vidareutvikla ei heilskapleg tiltakskjede innan rusomsorga – dagtilbod og assistert bustad i Vartun, Prosjekt «Livskvalitet», mikrohus, rusavvending gjennom Helse Vest, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ettervern gjennom CRUX Vindfanget

  • Styrkja den samla psykiatritenesta i Bjørnafjorden

  • Sikra eit godt bu og aktivitetstilbod til menneske med nedsett funksjonsevne, samt satsa på varig tilrettelagde arbeidsplassar i ASVO

  • Avgrensa mottak av flyktningar, men sikra god integrering m/bustad, arbeid og fritidsaktivitetar for dei som kjem til Bjørnafjorden

Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden

TERJE SØVIKNES

Kandidat 1.

Næringsdrivande

Lysekloster

Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt

LAILA REIERTSEN

Kandidat 2.

Sjukepleiar

Os

Eldreomsorg, helse og barnevern

ESPEN ASPENES

Kandidat 3.

Næringsdrivande

Os

Kommuneøkonomi og næringsutvikling

GUSTAV BAHUS

Kandidat 4.

Boreingeniør/lærar

Os

JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur

EIRIK ANDRE HESTHAMAR

Kandidat 5.

Dagleg leiar

Søre Øyane

Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.

INGRID ØKSNES

Kandidat 6.

Brannkonstabel

Eikelandsosen

Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling

bottom of page