Skal vi lukkast med å utvikla Bjørnafjorden som ein attraktiv kommune spelar frivillig sektor ei avgjerande rolle. «Det gode liv» er avhengig av eit godt og variert idretts-, kultur- og friluftstilbod. Då treng vi eit levande lags-og organisasjonsliv.
FrP vil at kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor, - vi skal være ein medspelar og ta del i spleiselag for å utvikla nye idrettsanlegg, friluftsområde og kulturtilbod.
kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor
Dette skal vi også jobba med
Framskritspartiet vil:
-
Samarbeida med Idrettsrådet, idrettslag og private for å realisere fleire idrettsanlegg i Bjørnafjorden – prioritering etter behov og finansieringsgrunnlag
-
Søkje å realisere nye tilbod som Bjørnafjorden kommune ikkje har pr i dag, f.eks wakeboard bane, frisbeegolf, volleyballhall, regional roarena på Vindalsvatnet, innandørs fotballarena, ishall
-
Realisera turvegen Skjelbreid – Eikelandsosen
-
Delta i spleiselag med idrettslag som vil etablere nye anlegg (Offentlig-Privat-Samarbeid), oppretthalda fondet for forskottering av nærmiljøanlegg
-
Stimulera frivillige lag og organisasjonar gjennom service, JA-haldning og økonomisk støtte
-
Etablera nytt fond for forskottering av opprustingsprosjekt i lokale grendahus/ungdomshus
-
Gje kommunale tilskot for å sikra lik pris i alle fleirbrukshallar, gratis treningstid for barne- og ungdomsidretten og «open hall» for uorganisert aktivitet
-
Satse på E-sport / gaming både
i skulane som valfag og som fritidstilbod
-
Etablere uorganisert fritidstilbod (Ung Arena) for ungdom i Os Aktiv og Fjorden Arena, la ungdommen sjølv væra med å utvikla tilbodet
-
Sikre at økonomi ikkje vert ein barriere for at alle unge i Bjørnafjorden kan delta i fritidsaktivitetar
-
Stimulera nye festivalar og kulturarrangement i heile Bjørnafjorden
-
Styrkje fritidstilbodet for menneske med nedsett funksjonevne, ref. Torsdagsklubben, Felleskapsreiser til Kypros/Lanzarote, Stjernelaget, handball
-
Sikring av nye friluftsområde, og tilrettelegging av eksisterande område – spesielt Raudlio/Stokkedalen, Natur- og kulturparken på Bjånes og Steinavika i Baldersheim. Samarbeide med Os Turlag, Bergen og Omland Friluftsråd, Os Jakt og Fiskelag
-
Etablera fleire parkeringsplassar ved tur- og friluftsområde, samarbeida med turlaga om vidare skilting og tilrettelegging av turstiar
-
Fleire båtutsettingsrampar og småbåthamner, gjerne i samarbeid med private
Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden
TERJE SØVIKNES
Kandidat 1.
Næringsdrivande
Lysekloster
Ein varm og verdig eldreomsorg, tydeleg styring av kommunen, NEI til eigedomsskatt
LAILA REIERTSEN
Kandidat 2.
Sjukepleiar
Os
Eldreomsorg, helse og barnevern
ESPEN ASPENES
Kandidat 3.
Næringsdrivande
Os
Kommuneøkonomi og næringsutvikling
GUSTAV BAHUS
Kandidat 4.
Boreingeniør/lærar
Os
JA-haldning i plan- og byggesaker, trafikktryggleik og infrastruktur
EIRIK ANDRE HESTHAMAR
Kandidat 5.
Dagleg leiar
Søre Øyane
Oppvekstmiljø, barnehage og skule. Idrett og kultur for barn og unge.
INGRID ØKSNES
Kandidat 6.
Brannkonstabel
Eikelandsosen
Helse, blålysetatene, lavere skatter og avgifter, sentrumsutvikling