top of page

Kommunen har ein krevjande økonomi, og einskilde parti vil no innføra eigedomsskatt i Bjørnafjorden. Om eigedomsskatten vert på nivå med Bergen kommune vil ein einebustad med likningsverdi på ca 4 mill kr få ein eigedomsskatt på om lag kr 10 000 pr år. FrP seier tydeleg NEI til eigedomsskatt. Vi ynskjer ikkje å leggja nye økonomiske byrder på innbyggjarane og næringsliv i tillegg til allereie høge renter og høge prisar på straum, matvarer og drivstoff.  

FrP vil setja tæring etter næring, og drifta kommunen så effektivt som mogeleg. Prosjektet Omstilling25 må gjennomførast slik at Bjørnafjorden igjen får økonomisk handlefridom til å utvikla kommunen og lokalsamfunna. 

Nei til eigedomsskatt

Barn og unge

er framtida vår 

Derfor satser FrP

på gode oppvekstmiljø

Gode helse- og omsorgstenester

gjev oss tryggleik

Ei god og verdig eldreomsorg

er FrP si fanesak

Enkelte parti vil no innføra eigedomsskatt

FrP seier nei til eigedomsskatt

Bygge- og planprosessar tar for lang tid

FrP vil reetablera

JA-kommunen

Kommunen skal leggja til rette for frivillig sektor

FrP vil ha eit levande lags-

og organisasjonsliv

Bjørnafjorden har stort potensiale for vekst

FrP vil satse på nye næringsareal

og sentrumsutvikling

Dette skal vi også jobba med

Framskritspartiet vil:

  • Sei Nei til eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedom

  • Prioritera primærtenestene innan barnehage, skule, helse og omsorg framfor alt anna, samt sikra alle likeverdige tenester, god informasjon og brukarmedverknad 

  • Drifta kommunen effektivt, og nytta alle verkemiddel som forenkling, avbyråkratisering, nedbemanning, digitalisering, effektive innkjøp, konkurranse, avvikla ikkje-lovpålagte tenester, arealeffektivisering, sal av eigedom m.m.

  • Utvikla eit god 3-partssamarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde

  • Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, – satsa på kompetanseutvikling, etter- og vidareutdanning, gode arbeidsmiljø, maksimal delegering, heiltidskultur, rekruttering, lærlingplassar, konkurransedyktige lønnsvilkår

  • Leggja til rette for folkevekst og næringsetableringar slik at kommuneøkonomien vert styrkja

  • Halda kommunale gebyr på vatn-, avløps-, renovasjons-, plan- og byggesakstenestene så låge som mogeleg. Sikra at det berre er reelle kostnader som inngår i sjølvkostgrunnlaget

Vi skal gjera alt vi kan for å få fart på Bjørnafjorden

JONN GARVIK

Kandidat 7.

Fiskeskippar

Søre Øyane

Skapa lokale arbeidsplassar. JA-halding i byggesaker. La folk fiska, - nei til hummarfredning. Trygge og gode oppvekstvilkår for unge.

MARIANNE HJELLE

Kandidat 8.

Sjukepleiar

Os

Livskvalitet for alle, tilbod til psykisk utviklingshemma.

OVE FROTVEIT

Kandidat 9.

Ingeniør

Søre Neset

Arealplanlegging, landbruk og skogbruk, idrett

KRASSIMIRA DINEVA-WESSEL

Kandidat 10.

IT-konsulent

Søre Øyane

Idrett og kultur, gode oppvekstmiljø

THORSTEIN SKÅRNES

Kandidat 11.

Kontorsjef

Os

Tilbod til barn og unge, frivillighet

THRUDE SCHEIE MELLINGEN

Kandidat 12.

Driftssjef

Nore Neset

Psykisk helse for barn og unge, nærings- og sentrumsutvikling

bottom of page